No er prosessen i gong med å gjera Storaneset i Arna meir tilgjengeleg for både store og små. I sumar kan ein blant anna delta på SUP-kurs.
Når det nye dobbeltsporet mellom Arna og Bergen snart kjem på plass, vil det gå tog frå Arna kvart 15. minutt. For å blant anna gjera Arna meir attraktivt, har grunneigarane og kommunen gått saman for å utvikle ein plan for områdesatsinga på Storaneset. – Me fekk laga ein plan for området saman med kommunen i september i fjor, fortel David Bendiksen, representant ved Storaneset Eiendom.
– No drøymer me om ei urban fortetting i Arna, med nye tilbod både for dei som vil på besøk, dei som bur her og dei som vil bu her.